JUBILEUM: Bodil Cappelen er aktiv i markeringa av Olav H. Hauge-jubileet, som redaktør og diktopplesar. Måndag ville diktaren fylt 100 år. FOTO: CHRISTIAN CLAUSEN.
Kjøp bilde Gode lyrikarar får alltid damer
Han hadde vakre auge og skreiv dikt alle elskar. Bodil Cappelen (78) fortel om ektemannen og diktaren Olav H. Hauge, som ho fyrst møtte i bok og brev. Nå er kunstnaren frå Store Brevik aktiv i markeringa av Hauge-jubileet.
DAGBØKER: At dagbøkene kom ut, er noko av det største eg har opplevd i livet, seier Bodil Cappelen.
Kjøp bilde
DIKTAREN: Olav H. Hauge (1908 - 1994) skreiv seg inn i hjarta til mange, også til Bodil Cappelen. 19 år fekk dei saman. FOTO: PRIVAT
Kjøp bilde
I HAGEN: Eplehagane blei igjen i Ulvik. Men Cappelen dyrkar grønsaker og bær i parsellhagen på Store Brevik. FOTO: CHRISTIAN CLAUSEN.
Kjøp bilde
"FJELLSLEG": Bodil Cappelen flytte til Store Brevik i 1998, fire år etter at Hauge døydde. Bak huset i Dueveien har ho sitt eige fjell.
Kjøp bilde
Følg Østlandets Blad på Facebook:
STORE BREVIK: Måndag 18. august ville Olav H. Hauge fylt 100 år. Jubileet blir markert over heile landet, i litteraturen, på scenen og i film.
Ho som kjende han best av alle, er sjølv aktivt med. Blant anna som redaktør av Det Norske Samlaget sin antologi "Tid å hausta inn". Her har 31 forfattarar, blant andre Jan Erik Vold, Paal-Helge Haugen, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid, skrive sakprosa og lyrikk om Hauge. Bodil Cappelen sjølv har skildra sitt fyrste møte med mannen og diktaren frå Ulvik i Hardanger.
Dagbøkene.
Me skreiv til kvarandre i fire og eit halvt år før vi møttest, fortel Cappelen og kikkar på oss under den silkeblanke solhatten.
Me er heime hos henne, i Dueveien 18 på Store Brevik. Hit kom ho i 1998, fire år etter at Hauge døydde.
Dei siste fire åra i Ulvik brukte ho på å gå gjennom 83 kladdebøker som låg i ein skuff. Dagbøker skrivne av Hauge i åra 1924 til 1994.
Han slo Ivar Aasen med eitt år, smiler Cappelen.
Dagbøkene var ikkje private, dei var eit kulturhistorisk dokument med litterære kvalitetar. I 2000 blei dagbøkene utgjevne på Samlaget. I alt 4.500 sider, fordelt på fem bind.
At dagbøkene kom ut, er noko av det største eg har opplevd i livet, seier Cappelen.
"Fjellsleg".
Bak rekkehuset i Dueveien har Cappelen sitt eige fjell. Det var eit element i val av ny heim.
Det er så "fjellsleg" bak her, som dei ville sagt i Hardanger. Det minner meg om Ulvik.
Frodig er det også rundt henne, sjølv om eplehagane blei igjen i Ulvik. Frå terrassen ser ho ned på parsellhagen, der ho dyrkar grønsaker og bær.
Nærleiken til barn og barnebarn i Oslo-området og ynskje om å bu landleg og nær sjøen, førde henne frå Hardanger til Son. Poesifestivalen og mange kunstnarar med adresse Son, var også medverkande.
Eg liker meg veldig godt. Men landskapet mitt har eg på Vestlandet!
Biletkunstnar.
Cappelen har arbeidt som biletkunstnar heile sitt vaksne liv. Dei fyrste ti-åra tekstilkunstnar, dei siste målar. På arbeidsplassen hennar i stova heng bilete, laga til separatutstillinga ho skal ha i Moss kunstforening neste år.
Men denne dagen er det Cappelen sitt liv med diktaren Hauge me skal snakke om. Ein kjærleikshistorie poesien verdig.
Takkebrev.
Dei møttes fyrste gong i boka. Cappelen fann "På Ørnetuva" i ei billigkasse i Arendal. Ti kroner kosta samlinga, som var den fjerde Hauge skreiv.
Cappelen hadde aldri høyrt om Olav H. Hauge før, men dikta appelerte. Tonen, måten han skreiv på. Leseopplevinga gav henne lyst til å skrive til diktaren og takke.
Når eg har lest brevet i ettertid, ser eg at eg gløymde å takke for boka. Eg skreiv bare om andre ting. At me hadde mykje snø, og at eg var gift og hadde to barn, minnes Cappelen.
"Fantastiske auge".
Hauge svara på brevet. Dermed starta brevvekslinga mellom Kalvøysund i Aust-Agder og Ulvik i Hardanger. Etter fire og eit halvt år med brev, var tida for eit møte kome. Hauge skulle lese opp i Diktets Venner på Ibsens Venstøp i Skien, og det var nært nok til å ta turen frå Kalvøysund.
Da sa det pang! Etterpå drog eg heim og var heilt rysta over møtet, seier Cappelen.
Kva var det du falt for?
Han hadde heilt fantastiske auge, og var høg, slank og mørk. Og så var det dikta, sjølvsagt. Og stemma. Du veit, gode lyrikarar får alltid damer, sier Cappelen og ler.
Det glitrar ungt i gamle auge.
Kjærleik.
I 1974 besøkte ho Hauge på garden i Ulvik for fyrste gong. Cappelen skulle til Hardanger og snakke om biletvev på Bokbåten.
Året etter flytte ho til Ulvik, og i 1978 gifte dei seg. Det tok ikkje lang tid før bygdefolket kalte henne Bodil. Tekstilkunstnaren frå Drammen var akseptert i bygda.
Olav H. Hauge var 66 år da dei to traff kvarandre. Ho var 22 år yngre. 19 år fekk dei saman.
Det er mykje, det. Lenger enn mange andre får saman, seier Cappelen.
Var det den store kjærleiken?
Heilt opplagt. Og det var gjensidig.
Hauge 100 år.
Markeringa av Olav H. Hauge-jubileet er i full gang. Bøker av og om Hauge er lansert, og fleire oppsetjingar på ulike scenar handlar om Hauge og dikta hans. Riksteatret, Rikskonsertene, Drammen Teater, VossaJazz, Litteraturhuset i Oslo, Ivar Aasen-tunet og Nasjonalbiblioteket er blant dei som markerer jubileet.
Cappelen er sjølv involvert på mange hald. Frå redaktøransvar for antologien til diktopplesing til musikk ved biblioteka i Ås og Son. Blant bøkene som kjem ut i nytt opplag, er biletboka "ABC" som ho og Hauge utgav på Samlaget i 1986.
Dikta alle elskar.
Olav H. Hauge var både ein mann av bygda og ein internasjonalt respektert diktar. Fruktdyrkaren og diktaren frå Hardanger er kalla europear og modernist. Han lærde seg engelsk, tysk og fransk på eige hand, og omsette verdslitteratur.
Ifølgje Samlaget er han omsett til over 30 språk. Nå skal dikta ut på indisk, kinesisk og koreansk. Nye omsetjingar kjem i år på engelsk og fransk, og dagbøkene kjem snart på tysk.
Korleis vil du karakterisere Olav H. Hauge si dikting?
Det er jordnært og metafysisk. Bileta i dikta er henta frå naturen, og det blir gjenkjenneleg. Alle slags folk elskar dikta hans. "Det er den draumen" er folkeeige, og blir brukt både i bryllup og gravferder. Det er til og med kome med i salmeboka.
Kva synest du om at jubileet markerast så breitt?
Det føles veldig fint. Eg synest jo det, seier Bodil Cappelen.