Solveig vann tevlinga om den beste kreative teksten på nynorsk

VINNARANE AV TEKSTKONKURRANSEN: Fra venstre nestleiar i Ås mållag, Bård Kolltveit, 2. premievinnar Amalie Kastlegard Sønvisen, 1. premievinnar Solveig French Bolstad, 2. premievinnar Amalie Sponberg og leiar i Ås mållag Arne Oddvar Skjelvåg.

VINNARANE AV TEKSTKONKURRANSEN: Fra venstre nestleiar i Ås mållag, Bård Kolltveit, 2. premievinnar Amalie Kastlegard Sønvisen, 1. premievinnar Solveig French Bolstad, 2. premievinnar Amalie Sponberg og leiar i Ås mållag Arne Oddvar Skjelvåg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ved Ås vidaregåande skule har 200 elevar på fyrste trinn leika seg med tekstar på nynorsk. Tre vart premierte.

DEL

ÅS: Det var Ås mållag som for andre året på rad inviterte elevane til ei tevling om å skriva den beste teksten på sidemålet. To oppgåver frå kvar klasse, 14 i alt, vart med til finalen.

- Dette gjer me for å stimulara til å benytta nynorsk. Særs hyggeleg er det at det var skulen som tok kontakt denne gongen for å få i stand tevlinga i år. No håpar me at dette kan inspirera andre skular til å gjera det same, sier Bård Kolltveit.

Ei fin tolking

Torsdag vart vinnaranne kåra og det var leiar i Ås mållag, Arne Oddvar Skjelvåg og nestleiar Bård Kolltveit, som delte ut premiane. Fyrstepremien var det Solveig French Bolstad frå 1STC som fekk. I vurderinga frå mållaget heiter det:

- Teksten Kva er eg? er dikt i bunden form. Ei fin og var tolking av biletet der fløyta spelar hovudrolla. God, bortimot feilfri nynorsk, stram verseform og gode enderim. Dette er poesi.

- Dette var overraskande. Eg likar norsk, men det er realfag som er faget mitt, sier Bolstad stolt.

- Kva forhold har du til nynorsk?

- Far min er frå Valdres og har nynorsk som hovudmål, så noko har et fått med meg, sier ho.

- Er du blant dei som meiner at nynorsk bør vekk frå skulen?

- Eg likar at me har det. Nynorsk er ein del av norskfaget og det er viktig at me tek vare på det.

- Kvifor valde du å skriva eit dikt?

- Det er moro å skriva dikt for her kan eg skriva på rim og bruka humor. Dette var moro, seier ho.

To jenter delte andreplassen. Amalie Kastlegard Sønvisen og Amalie Sponberg.

Sønvisen vart premiert for diktet "Einsemd", medan Sponberg hadde levert eit kåseriinspirert essay med tittelen: Formålslaust kåseri.

Les også: Kreativ leik med nynorske ord

Kva er eg?

Eg er ein pinne

som kan lette på sinne

Eg forvandlar luft til vakre tonar

som er verdt meir enn millionar

Eg er av tre, eg er av stål

Eg kan brenne på eit bål

Eg kan vera sur

meir enn du trur

Eg er eit instrument

Med fleire argument

Eg er gamal, eg er ung

Eg er lett, eg er tung

Eg er billeg, eg er dyr

Eg kan gjere ditt hovud yr.

Eg er eit rør

Som gjer deg ør

I volum er eg liten

Men eg har den feitaste beaten.

Eg syng for mange, eg syng for få

Eg syng for gamle, eg syng for små

Eg er harmoni

Og kan synge melankoli

Eg spelar i dur og moll

Og har for det meste full kontroll

Guten har berre meg

Eg styrar han på riktig veg

Han vil heller vera Myllarguten

Enn å vera han som bles i tuten

Eg kan spele klassisk og rock

Men då får folk lett sjokk

Ein gong var eg med i Jethro Tull

Med han der, som hadde hår som ull

Eg kan synge alt

Både søtt og salt

Eg kan styre slange og katt

Langt inn i den mørke natt

Til guten som aleine sit

gjev eg vakre tonar litt etter litt

Om du lurer på kva eg er

Så kjem svaret her

Eg er ei fløyte

Solveig French Bolstad

Artikkeltags