Videregåande skuler der folk bur

Av
DEL

LeserbrevViken SV vil ha ein skulestruktur som sikrar at elevane får eit godt skuletilbod i nærleiken der dei bur. Det betyr at uansett om du bur i Halden eller i Hallingdal så skal du ha eit variert vidaregåande skule-tilbod nær deg.

Vi vil ikkje at ungdommen skal ha for lang reiseveg. Som ein del av både SV sin skulepolitikk og distriktspolitikk er det viktig for Viken SV at elevane sitt tilbod finns der elevane er.

Viken SV er derfor mot eit karakterbasert inntak til vidaregåande skule (såkalla «fritt» skuleval). Vi vil heller ikkje ha stykkprisfinansiering som finansieringsmodell. Det er fordi våre vidaregåande skular skal væra til for elevane si læring og ikkje for omdømmebygging. Skuleleiarane si incentivordning skal ikkje invitera dei til å jaga prestisje på kort sikt. Alt Viken SV skal føreslå og væra med å vedta, skal være av omsyn til elevane si læring.

Vidaregåande skular er ein ressurs for lokalsamfunna, spesielt i distrikta. Det gir arbeidsplassar og rekruttering av arbeidskraft til lokalt næringsliv. Elevar som går på vidaregåande på heimplassen, styrkar tilknytinga, og kjem gjerne attende etter fullførte studiar. Derfor vil SV styrka distriktsskulane. Kortreist skule er god distriktspolitikk.

Stemmer du på Viken SV, så får du folkevalde som arbeidar for finansiseringsmodellar og inntakssystem som er på parti med elevane si læring og sikrar spreidt busetting.

Camilla Eidsvold (1.kandida Viken), Ruth Solveig Birkeland, Viken SV, Balder Alvær Olafsen (2.kandidat Viken) og Kathy Lie (3.kandidat Viken)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags